torsdag 16. oktober 2008

1000-tipset

Nokon av alle mine (to-tre) lesarar som har eit tips til kva eg kan bruka 14 nøster grå Falk til?? Idear, gjerne med bilde, vert tekne i mot med takk.
;-)
PS. 1000 xxx til den som kjem med beste tipset!
Posted by Picasa

teppehekleri

Teppet til storesyster er ikkje ferdig, men har begynt å få teppeform. Eg har hekla saman ca 45 lappar og har 27 igjen. Veit ikkje om eg skal sukke over alle lappane eg ikkje har hekla, eller gleda meg over at meir enn halvparten er gjort. Jau, i dag vil eg gleda meg over gjort arbeid! Tjoho, positiv, glad, smilande!

Her vert teppet prøvd på senga. Eg har sjølvsagt fjuska litt (det kan ikkje de sjå). Fint?? Storesyster er kjempefornøgd og gler seg til ho kan liggja oppå og kosa seg med pusen.


Posted by Picasa