fredag 26. september 2008

28thirty

Tidlegar i år kjøpte eg oppskrift på denne jakka frå zephyrstyle. Eg vart nesten forelska ved første blikk - akkurat ei slik jakkeoppskrift eg har hatt lyst på lenge.
Tidlegare i veka fann eg endeleg garn - koksgrå raumagarn. Dette garnet er litt hardt, men det fungerer godt til denne jakka. Etter mykje studering, forstod eg endeleg oppskrifta. Amerikansk og nokså knotete forklart. Men eg kom meg i sving, og har kome eit stykke ned på bringa (begynnar oppe og strikkar nedover, noko eg likar særs godt). Bilete kjem etterkvart.
Oppskrifta er enkel å endra på, så vil ein ha lenger jakke, jakke med halve, eller korte armar, er det berre å strikka vidare i lengda, eller stoppe når armen er lang nok.

søndag 21. september 2008

Bestemorruter

Eg har heve meg på bestemorrute-bølgja eg også, om så noko seinare enn ALLE andre. Men det bryr eg meg ikkje om. Rutene er så kjekke og enkle å hekla, og eg får jo laga fleire i løpet av ein detektime på TV! Eg brukar billeg Nille-garn (Silja) i alle slags friske fargar (frikse fargar som farmor seier).

Alle rutene får tre rundar med offwhite. Rutene vert hekla i hop med dei andre.

Teppet har blitt mykje større sidan dette bildet vart teke, og tel no 35 ruter. Det mangar minst 15, kanskje 20 ruter, men desse er under produksjon no. Når teppet måler 5x10, skal eg hekla ein breidare kant rundt heile teppet - kanskje med lys rosa eller lys blå. Spørs kva Åsemor seier, for det er ho som skal få teppet.
Posted by Picasa

Nøstebarnteppe

Nok eit nøstebarnteppe. Denne gongen i naturkvit og pynta med grøne fastmasker og rosa "vifter". Teppet er allereie tatt i bruk av nabojenta på to veker :-)

Eg er godt fornøgd med resultatet, og synest det vart fint med to fargar rundt kanten.




Posted by Picasa

torsdag 18. september 2008

Skåp

Eg har vore på Gjenbruk og kjøpt meg skåp. Skåpet skal stå på det nye arbeidsrommet mitt (hobbyrom i nytt hus) og fyllast med stoff, tråd, nåler, pinnar, nøster, band m.m.

Inni skåpet er det fleire små rom, perfekt for å få orden i alt utstyret. På innsida av dørene er det kvite etikettar, eller klistrelappar for kvar hylle. Ut frå skrifta kan eg lesa at skåpet har stått på eit eller anna institusjonskjøken. Men kvar? Husmorskulen? Ungdomsskulen? Bedehuset? Ikkje godt å seia. Men det er tydleg at skåpet har vore brukt på eit kjøken der "orden" var stikkord. På etikettane står det bl.a.: "Ei sitronpresse". "2 store fat, 3 potetskåler". "4 skåler", "2 koppar, 2 skåler, 2 fat"...

Dei kvite, gamle klistrelappane skal få stå, og minna om at skåpet hadde ein annan funskjon før det kom inn i min heim og vart handarbeidsskåp.
Posted by Picasa

mandag 15. september 2008

Agurkulur og tomatmat

I kjøkenvindauget mitt har eg ei agurkplante og to tomatplanter, og dei har bore "frukt" i fleire veker. Denne agurken er nok den siste, men på dei andre plantene er det enno mange grøne tomater.

Eg vert så utruleg glad når eg kan plukka tomater og agurk til lunsjmaten på mitt eige kjøken!

Posted by Picasa