Nok eit nøstebarnteppe. Denne gongen i naturkvit og pynta med grøne fastmasker og rosa "vifter". Teppet er allereie tatt i bruk av nabojenta på to veker :-)
Eg er godt fornøgd med resultatet, og synest det vart fint med to fargar rundt kanten.
Hei og velkomen her til meg, Lille Norella - oppkalla etter farmora mi, som for mange år sidan vart døypt Lily Norella på ein liten farm i Canada. I dag er Lily Norella ei gamal dame, bur i Norge, framleis farmora mi og ei av dei største inspirasjonskjeldene eg har når det gjeld handarbeid. Her hos meg vil du finna innlegg om handarbeid, kvardagsliv og små ting som gledar meg. Les vel!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar