fredag 26. september 2008

28thirty

Tidlegar i år kjøpte eg oppskrift på denne jakka frå zephyrstyle. Eg vart nesten forelska ved første blikk - akkurat ei slik jakkeoppskrift eg har hatt lyst på lenge.
Tidlegare i veka fann eg endeleg garn - koksgrå raumagarn. Dette garnet er litt hardt, men det fungerer godt til denne jakka. Etter mykje studering, forstod eg endeleg oppskrifta. Amerikansk og nokså knotete forklart. Men eg kom meg i sving, og har kome eit stykke ned på bringa (begynnar oppe og strikkar nedover, noko eg likar særs godt). Bilete kjem etterkvart.
Oppskrifta er enkel å endra på, så vil ein ha lenger jakke, jakke med halve, eller korte armar, er det berre å strikka vidare i lengda, eller stoppe når armen er lang nok.

2 kommentarer:

Solveig sa...

Ja, den jakka var fin. Eg har også strikka ei oppskrift frå zephyr style.Vi har akkurat kome heim etter bytur der vi oppdaga at Pinnsvin hadde flytta, ja :)

Cathrines blogg sa...

Stilig!! Kjenner eg deg rett er vel jakka så godt som ferdig no.....;o) Da må du knipse med deg sjølv inni!!!
Håper livet er bra, stor klem