torsdag 16. oktober 2008

teppehekleri

Teppet til storesyster er ikkje ferdig, men har begynt å få teppeform. Eg har hekla saman ca 45 lappar og har 27 igjen. Veit ikkje om eg skal sukke over alle lappane eg ikkje har hekla, eller gleda meg over at meir enn halvparten er gjort. Jau, i dag vil eg gleda meg over gjort arbeid! Tjoho, positiv, glad, smilande!

Her vert teppet prøvd på senga. Eg har sjølvsagt fjuska litt (det kan ikkje de sjå). Fint?? Storesyster er kjempefornøgd og gler seg til ho kan liggja oppå og kosa seg med pusen.


Posted by Picasa

3 kommentarer:

Solveig sa...

Det er jo eit fint teppe allereie det der. Kan vel fint brukast medan resten av lappane tar form :)

Tove sa...

Sukk, den som kunne hekle (...og sy, strikke, brodere, male, teikne,quilte - for ikkje å snakke om å scrappe....). Flink du....

Moxy sa...

Så fina rutor du gjort och fina bilder jar du på din blogg. Kul att hitta nya bloggar.