torsdag 18. september 2008

Skåp

Eg har vore på Gjenbruk og kjøpt meg skåp. Skåpet skal stå på det nye arbeidsrommet mitt (hobbyrom i nytt hus) og fyllast med stoff, tråd, nåler, pinnar, nøster, band m.m.

Inni skåpet er det fleire små rom, perfekt for å få orden i alt utstyret. På innsida av dørene er det kvite etikettar, eller klistrelappar for kvar hylle. Ut frå skrifta kan eg lesa at skåpet har stått på eit eller anna institusjonskjøken. Men kvar? Husmorskulen? Ungdomsskulen? Bedehuset? Ikkje godt å seia. Men det er tydleg at skåpet har vore brukt på eit kjøken der "orden" var stikkord. På etikettane står det bl.a.: "Ei sitronpresse". "2 store fat, 3 potetskåler". "4 skåler", "2 koppar, 2 skåler, 2 fat"...

Dei kvite, gamle klistrelappane skal få stå, og minna om at skåpet hadde ein annan funskjon før det kom inn i min heim og vart handarbeidsskåp.
Posted by Picasa

1 kommentar:

Tove sa...

Fantastisk! Dette kjem nok garantert frå eit skulekjøkken! Skal tru om det er frå min arbeidsplass. Fred og bevare meg kor misunneleg eg vart..... Gler meg til å sjå skapet MED innhald!